Tur til Ragnhildsekrefossen i Bituelva
Håvard Vaagen var kjentmann, leda oss og fortalte om historia til Ragnhildsekre, der oldeforeldra til Håvar budde. Det er ein fin plass, litt tilgrodd, med god utsikt og hadde fine jorde og nokre åkrar. Det var no berre att tuftene av den plassen. Men like i nærleiken låg Åland, der grandonkel til Håvard, Ånund Ragnhildsekre, bygde og busette seg. Hus, låve og ei smie.
Det verka som at dei som var med på turen kosa seg og var svært nøgde. Må legge til at me var heldige med veret, ikkje ein regndråpe den tidi som turen tok.
Ragnhildsekrefossen
Åland. F.v.: Britt Svalastog, Torbjørg Enerstad og Kjell Solbakken