Verdsarvtur 15. august 2016

Eventyrtur 15. august med buss frå Rauland til Rjukan og Notodden.

 

Industrieventyret som har fått verdsarvstatus.

 

Me var 22 stk. frå Rauland/Vinje. Bjørn Gudmund Larsen køyrde frå Rauland skule kl. 0830.

På Møsvassdammen plukka me opp Øystein Haugan som er verdsarvkoordinator for Tinn Kommune. Han var ein fargerik og dyktig forteljar som fortalde om Sam Eyde på Møsstrond, oppbygginga av Rjukan by, tungtvassoperasjon og filminga av denne, søknad om og gjennomføring av området si godkjenning som verdsarvstatus, samt visjonar for den vidare utviklinga. Han meinte det var svært viktig å samarbeide om å utvikle turismen i denne samanheng. Han fortalde at advokatane til Sam Eyde nok hadde vore vel harde med folket på Møsstrond, som hadde mista mykje og fått lite tilbake. (Dette har det vorte retta på noko på i seinare tid?)

 

På Vemork stod Runar Lia , direktør for den museale delen av verdsarvområdet. Han hadde mykje å fortelje om det som forplikta og var mogleg i samband med verdsarvstatusen. Her er det mange tankar om utviding av aktivitetar, mellom anna for jernbanen mellom Rjukan og Tinnoset og hydrogenfabrikken (som vart riven i 1973) med tungtvassabotasjen i kjellaren. Ein ynskjer å få fram att denne kjellaren, og ein har alt pengane til det. Det andre ein arbeider med er jernbanen frå Rjukan til Tinnoset og Notodden. Her må ein ha med NSB, men det er tungt. Linja frå Rjukan til Mæl  er rydda, og ein hadde no i sumarmånadene tog to dagar i veka på denne strekninga. Det hadde vore svært vellykka. Me var om bord i jernbaneferja Amonia. Ein er no ferdig med å restaurere skutesidene, men det er  mykje att inni båten. Salongane for fiffen er godt tatt vare på og det var utruleg moro å sjå. Det er tydeleg å sjå at dei ikkje er utslitne av bruk.

 

På Rjukan kom Aleksander Ytteborg med. Han er verdsarvkoordinator for Telemark Fylkeskommune, og han er den som har fremma søknaden om verdsarvstatus i Bonn.

 

Kvifor klarte Sam Eide å få pengar til denne industrireisinga i Vestfjordalen, seinare kalla Rjukan? Noreg var på starten av 1900-talet eit av dei fattigaste landa i verda på linje med Albania og Irland. Verda stod på randen av ei sveltekatastrofe då det ikkje blei produsert nok mat til å fø den sterke auken i  folketalet. Guanogjødsla som ein bruka til gjødsling kunne det ikkje skaffast nok av.  Sam Eide var ingeniørutdanna i Tyskland. Han hadde kjøpt opp rettane til mange av fossane i Norge, mellom anna Rjukanfossen då Rjukan Hotell gjekk konkurs i 1902.

 

  1. februar 1903 blei Sam Eyde beden til middag hjå statsminister Gunnar Knutsen ilag med professor Kristian Birkeland. Dei bruka heile middagen til å diskutere lysbogekanonen til Birkeland og om det var mogeleg å laga ei kommersiell utnytting av denne. Denne dagen blir rekna som starten for Norsk Hydro som formelt starta opp 2. des. 1905. Problemet med Vestfjorddalen (Rjukan) var at her var det ingen ting anna enn ein foss. Alt ein skulle bruke til fabrikasjonen måtte ein frakte inn, og det ferdige produktet måtte ein frakte ut. Oppbygginga av fabrikkane kosta fleire statsbudsjett. Vemork kraftstasjon var då den blei sett i drift i 1911 verdas største kraftverk på både veksel- og likestraum. Investorane var skeptiske til å leggje fabrikken på Rjukan, men Sam Eyde kunne laga transport på jernbane frå Vemork til Notodden der Notodden no nesten var ein hamneby. Sam Eyde måtte likevel innrømme at det var heller få anløp frå USA, om det i det heile var nokon. Theodor Kittilsen har framstilt utviklinga av industrien på Rjukan og Notodden i fire store bilete der trolla og sjøormen blir temt og nissar og dvergar jobbar i berget og lysa blir tent.

Denne satsinga har ført til at landet blomstrar og grøder kan haustast. Dette har vore med på ei utvikling som kjem heile samfunnet vårt til gode, og som no har ført til  at me i dag har eit av dei beste landa i verda å bu i.

 

Frå Vinje kommune var ordførar og fleire frå formannskap og næringsliv med. Dorte Huitfeldt var den som hadde koordinert alt. Ho hadde også nokre spørsmål: Kan statusen som verdsarv hjelpe især møsstrendingane til å betre og auke utviklinga i deira område? Finst det bilete frå tida før oppdemminga på Møsstrond?

 

Vinje kommune vil gjerne få fram konsekvensane av oppdemminga for busetnaden i området. Ein er i ferd med å sette opp opplysningstavler i området, t.d. på Vierli, Falkeriset og Varland .

 

 

 

Ref.: Margit Lognvik og Øyvind Solbakken